PAKKETILBOD: VÅR I FLÅM

Flåmsbrygga tilbyr den perfekte pakka for deg som ynskjer nokre dagar ved fjorden!

Nyt spektakulær natur, lokale smakar, unike opplevingar og komfortabel overnatting med vakker utsikt. Pakka er fleksibel og passar alle - og kva er vel betre enn eit godt tilbod? Sjå informasjon og prisar nedanfor.

Tilbodet gjeld perioden 01.04.24-15.05.24

PAKKE VAKSEN

Pakka inkluderer:
- 2 netter i dobbeltrom med balkong og fjordutsikt på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet. Frukost inkludert.

- Middag dag 1 i Ægir BryggeriPub. Valfri 2-rettar middag frå vår à la carte Vikingmeny.

- Middag dag 2 i Ægir BryggeriPub. Nyt Ægir Vikingplanke - ein unik 5-rettar øl– og matmeny.

- Smaksbrett med tre smakar Ægir-øl.

Pris 2023 vaksen (18 år+): frå kr. 3590,- per person i dobbeltrom

BARN / UNGDOM I EKSTRASENG

Pakka inkluderer:

- 2 netter i ekstraseng på Flåmsbrygga Hotell. Frukost inkludert.

- Middag dag 1 og 2: Vel ein 2-rettar middag frå vår barnemeny / à la carte meny.

- Ein valfri lokal juice!

Pris barn (3-12 år): frå kr. 1085,- per person i ekstraseng

Pris ungdom (13-17 år): frå kr. 2023,- per person i ekstraseng

Barn / ungdom kan få Vikingplanken utan alkohol ved eit tillegg i prisen.

PROGRAMFORSLAG: DET BESTE AV FLÅM!

Dag 1:
- Ankomst og innsjekk på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet
- Privat flytande Fjord Sauna i Flåm
- Middag

Dag 2:
- Frukost
- FjordSafari Extended RIB-tur i Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden
- Flåmsbana rundtur Flåm-Myrdal-Flåm. Kanskje verdas vakraste togreise…
- Middag

Dag 3:
Frukost og utsjekk

*Flåm Zipline er tilgjengeleg frå 1. mai. Ta Flåmsbana Flåm-Vatnahalsen, Zipline Vatnahalsen-Kårdalen og sykle tilbake til Flåm!

Tips: køyr eigen bil eller bestill busstur til spektakulære Stegastein Utsiktspunkt i Aurland!

Neste
Neste

Sommarpakke