Ekte opplevingar i Flåm og Aurland
Flåmsbrygga tilbyr hotell, leilegheiter, restaurantar og opplevingar i hjarta av Flåm og Aurland. Med nyrenoverte rom, spanande matkonsept og ekte vertskap legg vi til rette for gode opplevingar ved fjorden – heile året.
Aktivitetar i flåm
Vil du oppleve Nærøyfjorden frå RBB båt, eller vil du prøve truger i fjellet? Flåmsbana er ein av Noregs største attraksjonar, og Flåm Zipline er den lengste ziplinen i Norden! Flåm har aktivitetar og opplevingar som passar alle - gjennom heile året!
overnatting
På Flåmsbrygga Hotel bur du midt i hjartet av fjordlandskapet. Her møtest moderne komfort, ro og ekte vestlandsstemning. Vakne til utsikt over fjorden og la dagen starte i ditt eige tempo.
mat & drikke
Flåmsbrygga er meir enn eit hotell. På vårt koselege tun i hjarte av Flåm finn du Furukroa Kafé, Flåmstova Restaurant og Ægir BryggeriPub. Vår filosofi er at det skal vere Ægir øl i og til maten. Vi har tilbod til alle samanhengar!
FLÅMSBRYGGGA I NY DRAKT
Nye rom. Nye smakar. Nye opplevingar.
Dei siste månadene har Flåmsbrygga fått eit nytt uttrykk. Hotellrom er totalrenoverte, nye matkonsept har teke form, og Ægir BryggeriPub har blitt til Ægir Gastropub. Saman med Fjord Bistro og Flåm Restaurant skaper dette nye smaksopplevingar midt i hjarta av Flåm.
Med Flåmsbrygga Hotell, Flåmsbrygga Apartments og Wangen Apartments ønskjer vi velkomen til ei endå meir gjennomført oppleving av overnatting, mat og vertskap ved fjorden – der kvalitet og gode opplevingar står i sentrum.