Historia vår

Flåm har vore eit ynda reisemål heilt sidan midten av 1800-talet, og bygda har etablert seg som eit av dei viktigaste trafikknutepunkta i vest. Med si unike plassering mellom fjord og fjell har Flåm tiltrekt seg reisande frå heile verda i generasjonar.

 

Vårt eventyr starta seint på 1980-talet, då fire lokale kompisar såg potensialet for å skape eit nytt tilbod i Flåm – ikkje berre for dei reisande, men òg for lokalbefolkninga. Med sterk tru på framtida til bygda satsa dei på turismen ved å etablere ein kafé og eit overnattingstilbod på kaien. Satsinga vart raskt ein suksess, og etter kvart som infrastrukturen utvikla seg, med nye tunnelar og opninga av Gudvangatunnelen, fekk Flåm eit ferjefritt samband mellom Bergen og Oslo. Dette førte til aukande biltrafikk, fleire turistar som ankom med Flåmsbana og ei blomstrande reiselivsnæring. Flåm vart eit levande servicesenter.

 

I 2004 vende Leikanger-jenta Aud Melås heim frå USA saman med ektemannen Evan Lewis. Dei kjøpte verksemda, som då bestod av kafé, restaurant og åtte dobbeltrom. Med ein visjon om å kombinere tradisjon, kultur og kvalitet i reiselivet, bestemte dei seg for å setje Flåm på kartet på ein heilt ny måte. Resultatet vart Ægir Bryggeri – ei satsing på handverksøl i verdsklasse. Ægir BryggeriPub opna dørane med eit konsept inspirert av norrøn mytologi. Den karakteristiske stavkyrkje-liknande bygningen med interiør prega av drivved, drakehovud og ein imponerande ni meter høg peis, skapar ein unik atmosfære. Filosofien var enkel, men nyskapande: folk skulle få høve til å velje mellom ulike ølsortar på same måte som ein vel vin. Snart følgde vidare satsingar – i 2008 kom eit nytt hotellbygg og kafé og restaurant vart oppgradert. Med auka kapasitet, utvikla Flåmsbrygga seg til eit av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet. Heilårsturismen vaks, og gjester frå alle verdshjørne fann vegen hit.

 

I februar 2025 opna Flåmsbrygga eit nytt kapittel då dei lokale eigarane Brødrene Wangen tok over drifta. Familien Wangen har røter i handelsverksemd heilt tilbake til 1850-talet, då dei etablerte landhandel for å dekke behova til lokalbefolkninga. Med eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet har verksemda vakse til å omfatte fleire butikkar, og har no ekspandert inn i hotellbransjen. Med vidare satsing på hotell, leilegheiter, restaurantar, souvenirbutikkar og nye spanande tilbod, held historia fram. Flåmsbrygga vil framleis vere ein stad der tradisjon møter innovasjon – eit levande reiselivssenter i hjartet av fjordane.