Ølutval
Utforsk Ægir Bryggeri sitt ølutval, les om dei ulike øltypane og finn ut kva mat som passar til ølet! Klikk her for å sjå Ægir Bryggeri sitt ølutval!
Ægir Bryggeri produserer eit rikt utval av ølsortar for sal i Ægir BryggeriPub, butikkar og serveringstadar landet rundt, i boks og på fat, og eit mindre utval på flaske. Ægir Bryggeri leverer også øl til eksport til andre land i Skandinavia, Russland, England, Australia og fleire står for tur.
Ægir BryggeriPub har vore kåra til «Årets bryggeripub» i Noreg tre år på rad. Ægir ølet har fått gull-, sølv-, og bronsemedaljar i «VM» i 2015 og 2016, og tildelt merket «Spesialitet» for Heidrun Vikingmjød i mai 2016. Ægir øl er i boks, og det er ikkje berre lukt og smak som scorar høgt. Ny design av boks og etikettar har også hausta medaljar i «VM». Ægir legg vekt på alltid å kunne tilby mange ulike typar øl, ulike smakar, og med variasjon i høve til årstider og sesong.
Ægir ølet kan du kjøpe i både småbutikkar og supermarknadar, eks Spar, Coop, Kiwi, Rema 1000 og Joker, og sterkøl får du på Vinmonopolet. Mange restaurantar og pubar har Ægir øl både på fat og i flaske eller boks.
Ægir Butikken i Ægir BryggeriPub sel øl opptil 4,7%, suvenirar, t-skjorter og caps. Opningstid på kvardagar til kl 20.00 og lørdag til kl 18.00. Butikken er stengt på søndagar og helgedagar.
Ta gjerne kontakt med Ægir Bryggeri direkte på e-post info@aegirbryggeri.no, eller på telefon +47 57 00 04 00.