Vi er glade for å dele nokre spanande nyheiter frå Ægir BryggeriPub!

Frå og med 17. januar 2026 vil Ægir BryggeriPub gjennomgå oppussing, som er venta å ta 8–10 veker. Oppussinga vil auke kapasiteten i restaurant og pub, forbetre sitjeoppsettet (sitjeordnig) og fornye møblar, og utvide både bar- og kjøkkenområdet — alt for å gi deg som gjest ein endå betre oppleving.

I denne perioden vil drifta til Ægir BryggeriPub midlertidig flyttast til Flåmstova Restaurant. Du som gjest kan sjå fram til same meny, same dyktige kokkar, og det same trivelege teamet.
Vi ser fram til å ønske alle velkomne tilbake til eit nyoppussa og forbetra Ægir BryggeriPub snart!

Ægir BryggeriPub

Frå norrøn mytologi til bryggeri i Flåm

Ægir er vårt eige bryggeri som opna i 2007 og har raskt teke plasseringa som eit av dei beste handverksbryggeria i Noreg. Ægir ølet er i verdsklasse, og har fått både gull- sølv- og bronsemedaljar i «VM». Det heile starta med øl, men stoppa ikkje der - Ægir har også sin eigen akevitt, gin, vodka og mjød.

Ægir BryggeriPub, ein del av tunet på Flåmsbrygga, er i dag ein av dei største attraksjonane i Flåm. Byggestilen er inspirert av norrøn mytologi og utvendig minner bygget om ei stavkyrkje. Inne kjenner du varmen frå den 9 meter høge peisen, omkransa av dragehovud og veggar prega av drivved. I første etasje finn du puben, medan andre etasje er restaurant. I Ægir BryggeriPub serverast øl og mat heile året. Velkomen!

Klikk her for å utforske Ægir Bryggeri si webside! 

  • Historia om Ægir

    Ægir er herskaren av havet og brygga det beste ølet, i følge Odin. Med Ægir som førebilete har vi utvikla vårt konsept.

  • Smakingar

    Lær om ølbryggekunsten og bruk sansane dine til å oppdag ei ny verd av lukt og smak!

  • Matfilosofi

    Vårt konsept er at det skal vere Ægir øl i og til maten, og det har vorte ein suksess langt utanfor landegrensene!