PAKKETILBOD: SOMMAR I FLÅM
Flåmsbrygga tilbyr den perfekte pakka for deg som ynskjer nokre dagar ved fjorden!
Nyt spektakulær natur, lokale smakar, unike opplevingar og komfortabel overnatting med vakker utsikt. Pakka er fleksibel og passar alle - og kva er vel betre enn eit godt tilbod? Sjå informasjon og prisar nedanfor.
Tilbodet gjeld perioden 16.05.24-30.09.24
PAKKE VAKSEN
Pakka inkluderer:
- 2 netter i dobbeltrom med balkong og fjordutsikt på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet. Frukost inkludert.
- Middag dag 1 i Flåmstova Restaurant. Vel ein 2-rettar middag frå vår à la carte meny.
- Middag dag 2 i Ægir BryggeriPub. Nyt Ægir Vikingplanke - ein unik 5-rettar øl– og matmeny.
- Smaksbrett med tre smakar Ægir-øl som kan nytast i Ægir BryggeriPub når det passar deg.
Pris vaksen (18 år+): kr. 4750,- per person i delt dobbeltrom
BARN / UNGDOM I EKSTRASENG
Pakka inkluderer:
- 2 netter i ekstraseng på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet. Frukost inkludert.
- Middag dag 1 og 2: Vel ein 2-rettar middag frå vår barnemeny / à la carte meny.
- Ein valfri lokal juice som kan nytast i Ægir BryggeriPub når det passar deg!
Pris barn (3-12 år): kr. 1085,- per person i ekstraseng
Pris ungdom (13-17 år): kr. 2023,- per person i ekstraseng
Barn / ungdom kan få Vikingplanken utan alkohol ved eit tillegg i prisen
PROGRAMFORSLAG: DET BESTE AV FLÅM!
Dag 1:
- Ankomst og innsjekk på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet
- FjordSafari Taste RIB-tur i Aurlands- og Nærøyfjorden med stopp i Undredal for ostesmaking.
- Middag
Dag 2:
- Frukost
- Flåmsbana, tog frå Flåm stasjon til Vatnahalsen stasjon.
- Flåm Zipline frå Vatnahalsen til Kårdal støl i Flåmsdalen
- Sykle siste del av Rallarvegen, Kårdal støl til Flåm
- Flytande Fjord Sauna i Flåm
- Middag
Dag 3:
Frukost og utsjekk
Tips: køyr eigen bil eller bestill busstur til spektakulære Stegastein Utsiktspunkt i Aurland!