presentasjon & smaking
Vi har fleire ulike tilbod for presentasjon & smaking. Delta på vår daglege ølsmaking, eller bestill for ei gruppe. Ta ein titt på dei ulike tilboda nedanfor!
dagleg ølsmaking
Supert for individuelle og par! Smak tre populære sesongøl frå Ægir Bryggeri, og oppdag ei ny verd av lukt og smak. Lær litt om historia, ølet og ulike teknikkar for å få dei beste smaksopplevingane.
Pris: Kr. 265,- per person.
Tid: ca. 30-45 minutt.
Stad: Ægir Smaksrom Peisestova eller Ægir BryggeriPub
Også tilgjengeleg for drop-in. Ingen påmelding, betaling ved oppmøte. Møt presist i Ægir BryggeriPub!
Presentasjon & ølsmaking
Historie, presentasjon og ølsmaking. Høyr og ta del i den spennande historia, og smak på 5 av våre mest populære Ægir øl. Supert for større grupper!
Gruppebestilling, etter avtale.
Tid: 45 – 60 min.
Stad: Ægir Smaksrom Peisestova eller Ægir BryggeriPub
Pris: kr 405,- pr person for grupper på min. 15 personar og totalt kr. 5775,- for mindre grupper.
ØL- og akevittsmaking
Smak Ægir øl og akevitt – nye krydder, nye smakar og nye nyansar. Høyr og ta del i Ægir si historie og smak to typar øl og tre typar akevitt.
Gruppebestilling, etter avtale.
Tid: 45 – 60 min.
Stad: Ægir Smaksrom Peisestova eller Ægir BryggeriPub
Pris: kr 495,- pr person for grupper med min. 15 personar, og kr 7425,- for mindre grupper.