Firmatur til flåm

Fordi dine tilsette fortener det beste!
Flåm er det perfekte reisemål med unike attraksjonar, aktivitetar og tilbod som passar alle.

På hamna i Flåm ligg Flåmsbrygga - Bryggerihotellet, med gode fasilitetar og unike tilbod for grupper og ulike arrangement, uansett sesong. Det er enkelt å kome seg til Flåm. Ta «fjellvegen» med tog frå Oslo / Bergen, og ei av Noregs fremste turistattraksjonar, Flåmsbana, frå Myrdal til Flåm. Fjorden er perfekt som transportåre og attraksjon, dessutan går E-16 gjennom Flåm.

Kombiner aktivitetar og arrangement med unike smaksopplevingar på Flåmsbrygga - Bryggerihotellet. Vi skreddarsyr opplegget som passar best for di gruppe. Kontakt oss for eit godt tilbod!

aktivitetar i verdsarven

Fly til Flåm med Flåm Zipline, sykle eller gå Rallarvegen, og bli med på ein guida FjordSafari-tur med RIB i den UNESCO-lista Nærøyfjorden. Vil du reise tilbake til Vikingtida? Vikinglandsbyen er ope året rundt!

I verdsarvområdet finst det vandreturar for alle. Stegastein Utsiktspunkt byr på vakkert utsyn over fjorden, Undredal inviterer til smak av prislønna geitost og Flåmsbana køyrer verdas mest spektakulære togstrekning.

unike smakar

På Flåmsbrygga er ølet og vikinghistoria i fokus. Matkonseptet vårt - det skal vere Ægir-øl i og til maten - har vorte ein suksess. Vi brukar lokale råvarer—dei som vart nytta i vikingtida, men smaksette for dagens gane. Ægir-øl er brukt i marinadar og sausar, og humle, malt og urter får sette preg på maten.

Prøv populære Ægir Vikingplanke (bilete), vårt unike konsept - Vikinggilde - eller vel blant andre spanande menyar!

lagbygging og leik

Få nye impulsar, ny energi og bygg lagånd! Bli med på kjekke lagbyggingsaktivitetar og leik, der målet er å ha det gøy, styrke lagkjensla og samhaldet i gruppa. Prøv lagbygging om vinteren - med snøleik på Vatnahalsen eller aktivitetar i ekte Vikingstil i Vikinglandsbyen!

ølsmaking

Ægir Bryggeri er vårt eige bryggeri! Ægir-ølet er i verdsklasse og konseptet vårt – det skal vere Ægir øl i og til maten, har vorte ein suksess. Ta del i den spennande historia vår i Flåm. Lær om ølbryggekunsten og bruk sansane dine til å oppdag ei ny verd av lukt og smak!

arrangement & selskap

Flåmsbrygga er staden for store og små arrangement, og har ulike selskapslokale med særpreg og karakter. Vel stil - formelt med kvite dukar og festpynta bord, eller uformelt og sosialt rundt langbord.

Ægir BryggeriPub er i dag ein av dei største attraksjonane i Flåm. Byggestilen er inspirert av norrøn mytologi og utvendig minner bygget om ei stavkyrkje. Flåmstova Restaurant har koseleg og lun atmosfære og Ægir Smaksrom Peisestova er perfekt for mindre grupper.

møte ved fjorden

Eit møte på Flåmsbrygga er mykje meir enn eit møte. Her vil gruppa vere samla, få ro og avkopling. Ta eit avbrekk i møtet for å gjere noko kjekt saman! Vi lagar møtepakkar med teamutvikling, gruppeaktivitetar og utflukter. Det heile rundast av med sosialt samvær og nydeleg mat og øl inspirert frå vikingtida!

Vi har fleire møterom og gode fasilitetar til ulike behov.

bu på bryggerihotellet

Flåmsbrygga Hotell—Bryggerihotellet ligg idyllisk til på hamna i Flåm. Flåmsbrygga er lite og intimt med særprega stil – både tradisjonell og rustikk, men samstundes moderne og delikat. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas.

Tal rom: 41 / Tal senger: 100