Personvern

Desse retningslinjene gjeld for korleis Flåmsbrygga Hotell AS handsamar personopplysningane dine ved bruk av nettstaden.

Med «personopplysningar» meiner vi alle opplysningar om ein identifisert eller ein fysisk person som kan identifiserast jfr. personvernforordninga (Europaparlaments- og Rådsforordning (EU) 2016/679, heretter «GDPR») artikkel 4 nr. 1). Ein fysisk person kan identifiserast direkte eller indirekte, ved hjelp av identifikatorar som f.eks. eit namn, eit identifikasjonsnummer, lokaliseringsopplysningar eller ein online-identifikator.

Med «handsaming av personopplysningar» meiner vi ein operasjon eller rekke av operasjonar som vert gjort med personopplysningar, enten automatisert eller ikkje, f.eks. innsamling, registrering, organisering, strukturering, lagring, tilpasning eller endring, gjenfinning, konsultering, bruk, utlevering ved overføring, spredning eller alle andre former for tilgjengeliggjering, samanstilling eller samkjøring, avgrensning, sletting eller fjerning, jfr. GDPR artikkel 4 nr. 2).

Flåmsbrygga Hotell AS  er ansvarleg for handsaming, dvs. den som avgjer formålet med handsaminga av personopplysningar og kva slags midlar som skal brukast, jf. GDPR artikkel 4 nr. 7).

Flåmsbrygga Hotell AS – kontaktinformasjon:

Adresse:  A-feltsvegen 25, 5743 Flåm

Postadresse: Postboks 44 – 5742 Flåm – Noreg

Telefon: +57 63 20 50

E-post:  mail@flamsbrygga.no  

Internett: www.flamsbrygga.no 

 

Retten til innsyn, korrigering og sletting mm.

Du har til eikvar tid rett til å få innsyn i dine personopplysningar som vi handsamar.

Hvis vi handsamar feil personopplysningar om deg, har du rett til å få personopplysningane korrigert. Tilsvarande har du rett til å få ufullstendige personopplysningar komplettert.

Du har rett til å få personopplysningane dine sletta. Vi gjer likevel merksam på at sletting av personopplysningane vil føre til at vi ikkje lenger er i stand til å levere tenesten til deg. Sjølv om du krev at personopplysningane dine skal slettast, kan vi fortsejte å handsame personopplysningane i den utstrekning lova gjev oss rett til det.

Du har dessutan rett til å motta dine personopplysningar i eit strukturert, alminneleg brukt og maskinleseleg format og til å overføre personopplysningane til ein annan som er ansvarleg for handsaming.

Hvis du ønskjer å nytte ein av rettane ovanfor, kan du ta kontakt med oss. Kontaktopplysningane finn du ovanfor.

 

Nyhendebrev

Flåmsbrygga Hotell AS sender ut nyhendebrev cirka 6-8 i året via e-post. For at vi skal kunne sende e-post må du registrere ei e-postadresse. Campaign Monitor og Synlighet AS er databehandlar for nyhetsbrevet. E-postadressa vert lagra i ein eigen database, den vert ikkje delt med andre og den vert sletta når du sier opp abonnementet. E-postadressa vert også sletta om vi får tilbakemelding om at den ikkje er aktiv.

 

Informasjonskapslar

Ved å nytte www.flamsbrygga.no, gjev du samtykke til at det vert sett informasjonskapslar i nettlesaren din  – i og med at dei fleste nettlesarar er innstilt slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Denne informasjonen kan på ingen måte sporast tilbake til nokon enkeltperson.

Kva er ein informasjonskapsel

Ein informasjonskapsel eller cookie er ei tekstfil som vert sendt til deg på di maskin (datamaskin, telefon, tablet) for å kunne halde oversikt over kva som skjer under ditt besøk og for å kunne kjenne igjen datamaskina di.
Ein informasjonskapsel er ikkje eit program og inneheld ikkje virus. Du kan lese meir om informasjonskapslar her www.nettvett.no.

Flåmsbrygga Hotell AS brukar følgande informasjonskapslar:

  • Google Analytics – Ved bruk av Google Analytics kan vi lage anonym brukarstatikk og remarketing. Vi kan analysere våre nettsider ved f. eks å få informasjon om trafikk på sidene, kva for sider som vert besøkte, kva for nettsider brukarane kjem frå og på kva tidspunkt brukarane er inne på nettsidene. Dersom du ikkje ønskjer å nytte Google Analytics kan du blokkere Google Analytics ved å installere eit tillegg (plug-in) til nettlesaren din. Tillegg for dei mest vanlege nettlesarane finn du her: http://tools.google.com/dlpage/gaoptout.

  • Google Tag Manager – Denne nettstaden brukar informasjonskapslar til styring og implementering av script. Google Tag Manager er ei teneste som let vår digitale leverandør Synlighet AS organisere script enkelt på våre nettsider. For eksempel handsamar dei Google Analytics script gjennom Google Tag Manager.

  • Remarketing – Vert brukt for å vise annonser til personar som vitjar nettstaden vår, eller gjer ulike handlingar på nettstaden.

Dataene som vert innsamla vert nytta til å gjere funksjonaliteten til nettstaden betre og meir brukarvenleg, basert på brukaren sine behov og interesser.

Data vert som hovedregel ikkje delt med tredjepart. Unntak frå dette kan vere ved at vi får hjelp av digital leverandør som på teknisk og fagleg måte skal sikre optimal drift av nettstaden.

 

Sikkerheit

Vi lagrar  personopplysningane på ein sikker måte på serverarar som har avgrensa tilgang og er beskytta. Det er berre eit avgrensa tal personar som har fysisk tilgang til dette utstyret og berre personar som har behov for det har tilgang til personopplysningane dine. Personopplysningane dine vil ikkje verte overført til land utanfor EØS-området, med mindre du har gjeve samtykke til dette.

 

Vi held lover og reglar

Vi vil alltid handsame personopplysningane dine på den måten som er sett opp i desse retningslinjene og alltid i tråd med gjeldande lover. I Noreg er det først og fremst personopplysningslova av 2018 som styrer GDPR i norsk rett.

 

Klagetilgong

Dersom du meiner at handsaminga av personopplysningane  dine er ulovleg, kan du klage til Datatilsynet. Kontaktopplysningane til Datatilsynet finn du på hjemmesidene deira: www.datatilsynet.no.

 

Endringar av desse retningslinjene

Nettsidene er under kontinuerleg endring og forbetring, og framtidige endringar kan verke inn på måten vi handsamar personopplysninger dine på.  Desse retningslinjene vil av den grunn bli kontinuerleg oppdaterte og endra i tråd med endringer av lover og reglar,  eller andre endringar i måten vi handsamar personopplysningane på. Gjeldande versjon av retningslinjene finn du  i menyen «om oss» på www.flamsbrygga.no