RALLARVEGEN - NOREGS VAKRASTE SYKKELTUR
Opplev dramatisk og storslått natur frå sykkelen. Rallarvegen er den flottaste og mest spanande sykkelopplevinga i Noreg!
Vegen vart bygd for hand rundt førre århundreskifte for å transportere utstyr og proviant under bygginga av Bergensbanen. I dag er Rallarvegen Noregs mest populære sykkeltur, om lag 80km lang frå Haugastøl – Finse – Hallingskeid om Vatnahalsen til Flåm. Turen frå «taket av Noreg» ned til Flåm ved Aurlandsfjorden er slåande vakker og vil gi deg minner du seint vil gløyme.
Du startar turen med å reise med tog til Haugastøl eller Finse. Mange tek toget frå Oslo og Bergen, eller Flåmsbana frå Flåm til Myrdal, og deretter Bergensbanen vidare til startpunktet. Du kan ha eigen sykkel (bestill plass på toget) eller leige på Haugastøl / Finse. Reisa frå fjell til fjord byr på fantastiske opplevingar i det beste av norsk natur- og kulturlandskap. Vel framme i Flåm ynskjer vi velkomen inn i koselege Ægir BryggeriPub og «after bike» med smaksrikt lokalt Ægir-øl!
Ruta i km og timar:
Haugastøl til Finse: 27km (3-4 timar)
Finse til Hallingskeid: 21km (3 timar)
Hallingskeid til Vatnahalsen: 17km (2 timar)
Flåmsdalen: 17km (1 time)
Kombiner Rallarvegen og Nordens lengste zipline - Flåm zipline! Adrenalinet pumpar og pulsen stig i det du set utfor det 305 meter høge stupet på Vatnahalsen, og susar gjennom vill og vakker natur nedover Flåmsdalen. Sykkelen vert sendt ned dalen med eigen sykkelheis.
Leige sykkel? Sjekk ut Haugastøl eller Finse 1222. Vi anbefalar også sykkelpakka til Fjord Tours.
ER HAUSTPAKKA NOKO FOR DEG?
Flåmsbrygga tilbyr den perfekte pakka for deg som ynskjer nokre dagar ved fjorden!
Nyt spektakulær natur, lokale smakar, unike opplevingar og komfortabel overnatting med vakker utsikt. Pakka er fleksibel og passar alle - og kva er vel betre enn eit godt tilbod? Klikk for informasjon og prisar.