LEDIG STILLING, sesong:

SERVITØR

Kan du tenke deg ein ny og spanande kvardag? Ein kvardag i ei idyllisk bygd ved fjorden der du kan padle kajakk eller gå på topptur før eller etter jobb? Ein kvardag med meir tid til det du likar best... Freistar det? I så fall er dette ein moglegheit du ikkje vil gå glipp av!

Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga – eit av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet med hotell, bryggeripub, kafè og restaurant. No har DU sjansen til å verte del av vårt dyktige team då vi søker servitør til Flåmstova Restaurant og Ægir BryggeriPub.

Vi ser etter deg som:

  • Er over 18 år grunna skjenking av alkohol

  • Har relevant erfaring

  • Fordel at du snakkar eit skandinavisk språk, engelsk og/eller fransk/spansk/italiensk

  • Er utadvent og engasjert med godt humør og god servicehaldning

  • Trivst med hektiske arbeidsdagar, er arbeidsam og fleksibel

  • Vil jobbe dag, kveld og helger etter skiftplan

Som servitør vil du mellom anna ha følgjande oppgåver:

  • Halde frukost for hotellets gjester (gjeld Flåmstova Restaurant)

  • Servere lunsj og middag til grupper og individuelle gjester

  • Arbeide med kassasystem

  • Handtere bordbestillingar

  • Klargjere arrangement

Tiltredelse etter avtale og opplæring. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, pensjonssparing og personalrabatt på delar av vårt utval av mat og drikke.

VIL DU SØKE PÅ STILLINGA?

Kjenner du deg igjen i denne skildringa? Vi gler oss til å motta din søknad med CV.

Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.

Kontaktperson: Erik Walter Vold, Driftsleiar. Telefon: +47 57 63 20 66 / E-post: drift@flamsbrygga.no

Forrige
Forrige

Kafémedarbeidar/Kjøkkenassistent

Neste
Neste

Oppvask