LEDIG 2 FASTE HEILÅRSSTILLINGAR, 100%:
RESEPSJON- OG BOOKINGMEDARBEIDAR
Kan du tenke deg ein ny og spanande kvardag? Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga – eit av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet med hotell, bryggeripub, kafè og restaurant. No har DU sjansen til å verte del av vårt dyktige team i resepsjon- og bookingavdelinga som spelar ei sentral rolle i den daglege drifta til Flåmsbrygga.
Vi søker deg som:
Har erfaring frå serviceyrket – helst frå hotell / resepsjon. Du har gjerne også erfaring med bookingsystem som Hotsoft, CityBreak og BookVisit.
Trivs i eit hektisk miljø
Er fleksibel, arbeidsam og strukturert
Har gode evner til å kommunisere
Pratar og skriv eit skandinavisk språk i tillegg til engelsk.
Din personlegheit reflekterer følgande:
Utadvendt, entusiastisk og godt humør
Ung til sinns
Uformell og audmjuk – men profesjonell
Arbeidar godt individuelt – men er ein lagspelar
Serviceinnstilt med ei "ja, det fiksar vi!"-innstilling
Likar mennesker og vil gi det "lille ekstra" for at gjestene skal trivast best mogleg hjå oss
Som Resepsjon- og bookingmedarbeidar vil du ha følgande arbeidsoppgåver:
Inn- og utsjekk
Betene sentralbord for heile Flåmsbrygga
Sal og meirsal
Gjesteservice
Skreddarsy hotellopphald og pakkar for individuelle gjester samt arrangement for grupper
Booking av hotellopphald, arrangement, aktivitetar og bordreservasjonar for individuelle gjester og grupper via e-post og telefon.
Klargjering av møterom og teknisk utstyr, samt ivareta møtevert-funksjonen for møtegrupper.
Ivareta resepsjonen sin funksjon som hjarta i bedrifta
Fakturering
Nattevakt kan påreknast
Forefallande arbeid
Tiltredelse etter avtale og grundig opplæring. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, pensjonssparing og personalrabatt på delar av vårt utval av mat og drikke.
VIL DU SØKE PÅ STILLINGA?
Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.
Send søknad, referansar og CV til Mar Serna, assisterande resepsjonssjef. Telefon +47 57 63 20 52 - E-post: resepsjonssjef@flamsbrygga.no