LEDIG STILLING, SESONG:

KOKK

Vi ser etter DEG som vil jobbe som kokk i populære Flåmstova Restaurant, Furukroa Kafé og Ægir BryggeriPub.

Flåm er eitt av Noregs mest populære reisemål, lokalisert i det spektakulære verdsarvområdet rundt Nærøyfjorden. Her finn du eit stort og breitt utval aktivitetar og opplevingar!

Konseptet Flåmsbrygga omfattar hotell og tre serveringsstader, og er søsterbedrift til Ægir Bryggeri. Ægir er den raude tråden på Flåmsbrygga både i design, arkitektur og smakar. Vår matfilosofi er at det skal vere Ægir-øl i og til maten.

Vi ser etter deg som:

  • Brenn for matlaging

  • Har relevant utdanning og/eller relevant erfaring

  • Fordel at du snakkar snakkar eit skandinavisk språk og/eller engelsk

  • Har kunnskap om matallergiar

  • Er fleksibel og arbeidsam

  • Likar å jobbe i eit uformelt og fleirkulturelt team

  • Vil jobbe dag, kveld og helger etter skiftplan

Som kokk vil du mellom anna ha følgjande oppgåver:

  • Følgje interne rutinar

  • Riktig handtering av matvarer, maskiner og verktøy

  • Tilbrede varm mat til lunsj og middag i følgje meny og etter gjestenes preferanse

  • Oppretthalde høg standard på service til einkvar tid

  • Arbeide effektivt og nøyaktig i travle periodar

Tiltredelse etter avtale og grundig opplæring. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, pensjonssparing og personalrabatt på delar av vårt utval av mat og drikke.

VIL DU SØKE PÅ STILLINGA?

Fyll ut kontaktskjemaet nedanfor, eller send søknad med CV direkte til oss.

Kontaktperson: Erik Walter Vold, Driftsleiar. Telefon: +47 57 63 20 66 / E-post: drift@flamsbrygga.no