ægir haustfest 5. oktober 2019
Ta med kollegaer, familie og vener - bli med på ægir haustfest i flåm!
På Ægir Haustfest står Ægir-øl i sentrum. Ølsmaking, øl-rebus og nydeleg lokal mat tufta på vår filosofi - “Ægir-øl i og til maten”! Ægir BryggeriPub legg ei unik ramme rundt arrangementet, og lokalbandet Frendar sørger for kjekk stemning og dansemusikk. Alt ligg til rette for ei minneverdig oppleving i Flåm!
“Fly til Flåm” med nordens lengste Zipline. Flåm Zipline går frå Vatnahalsen (nær Myrdal og Bergensbanen) til Kårdalen i Flåmsdalen. Frå her kan du anten gå, sykle eller ta Flåmsbana til Flåm. Bergensbanen frå Oslo eller Bergen er ei fantastisk togreise, og det toppar seg med spektakulære Flåmsbana. La reisa vere ein del av opplevinga!
Program 2019:
Kl. 13:00 - 14:00: Lunsj i Ægir BryggeriPub
Kl. 14:00 - 16:00: Øl-ruta i Flåm! Bli med på ein kort vandretur frå Flåmsbrygga til Ægir Bryggeri sitt produksjonslokale. Her vert det historieforteljing og presentasjon av Ægir Bryggeri, den interessante utviklinga og lansering av årets Haustfest-øl.
På veg attende til Ægir BryggeriPub vert det øl-rebus, så det gjeld å følge godt med på presentasjonen!
Kl. 16:00 - 17:30: Ølsmaking og fingermat. Smak tre populære Ægir-øl, lær ulike teknikkar for å helle, lukta og smake - og oppdag ei ny verd av lukt og smak! Vi serverer fingermat til ølet, og det vert premiar til dei som gjorde det best på øl-rebusen!
Kl 19.00: Ægir Haustfest i Ægir BryggeriPub – dørene opnar.
Kl 19.30: Fest i Ægir BryggeriPub med langbord, Ægir-øl i verdsklasse, Ægir Vikingbuffet med ølmarinerte ribbein og Ægir grillsaus, lammepølser, burger, kålsalat, og mykje, mykje meir. Allsang, musikk og dans til lokalbandet Frendar.
Prisar 2019
Full pakke: kr 1 950,- pp inkl. fullt program og overnatting i dobbeltrom på Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet
Ekstra døgn: kr 645,- pp i dobbeltrom, inkl rom/frukost, fredag – laurdag
Pakke dag + kveld: kr 1195,- pp inkl. fullt program.
Pakke kveldsarrangement frå kl. 19:00: kr 695,- pp inkl. stor vikingbuffet, fest og dans til lokalbandet Frendar.