tradisjonelt møte
Flåmsbrygga er staden for dei gode møteopplevingane. Vi tilbyr lune og hyggelege møtelokale omkrinsa av vakker natur - høge fjell, fjord og frisk luft. Koble av, få ny energi, nye impulsar og ro til å ta ei rett avgjerd.
Vi skreddarsyr gjerne ei møtepakke som passar perfekt for deg, og nedanfor kan du sjå døme på tradisjonelle møtepakkar hjå oss. Kva med ein aktiv eller kulinarisk vri på det tradisjonelle møtet? Sjå også døme på opplevingsrike møtepakkar her.