Historia om Ægir

Frå norrøn mytologi til bryggeri i Flåm

Ægir vert i norrøn mytologi omtala som ein jotne. Han er bror av Vinden og Elden og er herskaren av havet. Ægir sin hall er ikkje opplyst av eld, men av skiraste gull. Kvart år ber han Æsene til ete- og drikkegilde i festsalen sin, Brime. Her ber ølet og maten seg sjølv rundt og drikkehorna fyller seg sjølve. Ægir brygger, ifølge Odin, det beste ølet. Det vert brygga i det største bryggekaret i verda, ei mil djupt. I Ægir sin hall måtte gudane halde fred med kvarandre og den som laga bråk vart bortvist for evig tid.

Med Ægir som førebilete har vi utvikla bryggeriet vårt med tilhøyrande skjenkestove i hans namn. Bryggeriet opna i juni 2007 og har hatt stor suksess. Ølet vårt er også tilgjengeleg på mange sals- og skjenkestadar i Noreg, og stadig fleire kjem på lista. Vi meiner folk skal kunne velge mellom ulike ølsortar på lik linje som med vin. Av den grunn tilbyr vi mange slag øl i vårt utval, både over- og undergjæra øltypar.

Bryggaren vår, amerikanaren Evan Lewis, har gjennom tjue år med både heimebrygging og formell utdanning, skapt sine versjonar av spanande og kjende øltypar. Han hentar inspirasjon frå mikrobryggeri internasjonalt, ikkje minst frå USA, til utvikling av nye ølsortar i Ægir Bryggeri i Flåm.

Ægir Bryggeri har kapasitet til brygg på 10hl i pub-bryggeriet, og ein årleg kapasitet rundt 1200hl. Mesteparten av produsert øl går til vidaresal i Noreg, og noko til eksport. Allereie i det tredje året med bryggeridrift vart kapasiteten for liten, og eit nytt produksjonsbryggeri vart bygd i Flåm og tatt i bruk i juni 2012. Det nye bryggeriet har ein kapasitet på 35hl per brygg, og ein årleg kapasitet på over 6000hl. Kapasiteten kan utvidast over tid til meir enn 20000hl årleg.

Hausten 2011 tok bryggeriet eit nytt steg med å installere eit lite brenneri og å utvide produktsortimentet. I første omgang produserer vi akevitt, og på sikt også Whiskey og Single Malt Whisky.

Ta gjerne kontakt med oss direkte på e-post for spørsmål om Ægir Bryggeri eller om tilbakemeldingar av ulike slag: info@aegirbryggeri.no

Klikk her for å utforske Ægir Bryggeri si webside!