Vintermagi i flåm

Den ultimate fjordopplevinga!


Opplev det magiske vinterlandskapet rundt Flåm med vår eksklusive Vintermagi-pakke. Start dagen med ein eventyrleg FjordSafari gjennom Aurlandsfjorden og UNESCO-vernede Nærøyfjorden.

Etterpå ventar ro og velvære i vår flytande FjordSauna, med panoramautsikt mot fjord og fjell. Ta eit forfriskande vinterbad om du vågar.

Når kvelden senkar seg, ønskjer vi deg velkomen til Ægir BryggeriPub for ei utsøkt Vikingplanke-middag. Fem nøye samansette rettar, kombinert med øl frå Ægir, skaper eit kulinarisk høydepunkt i ein lun og autentisk atmosfære.

Book Vintermagi

Aktivitetar i flåm

Vil du oppleve Nærøyfjorden frå RBB båt, eller vil du prøve truger i fjellet? Flåmsbana er ein av Noregs største attraksjonar, og Flåm Zipline er den lengste ziplinen i Norden! Flåm har aktivitetar og opplevingar som passar alle - gjennom heile året!

Les meir

overnatting

På Flåmsbrygga Hotel bur du midt i hjartet av fjordlandskapet. Her møtest moderne komfort, ro og ekte vestlandsstemning. Vakne til utsikt over fjorden og la dagen starte i ditt eige tempo.

Bestill overnatting

mat & drikke

Flåmsbrygga er meir enn eit hotell. På vårt koselege tun i hjarte av Flåm finn du Furukroa Kafé, Flåmstova Restaurant og Ægir BryggeriPub. Vår filosofi er at det skal vere Ægir øl i og til maten. Vi har tilbod til alle samanhengar!

Les meir