Ægir øl og mat meny

Prøv nokre av rettane på Vikingmenyen
– salat Leiv Eriksson, vikingburger Harald Hårfagre, omnsbakt gravlaks Ran, Ægir Vikingplanke med ølsmaking, og sjokoladeganach kake Frigg.

 

Bestill bord

Ægir øl og mat meny

Vår filosofi er at det skal vere Ægir øl i og til maten, og konseptetet har vorte ein suksess.

Ægir øl  og ingrediensane i ølet er brukt i marinadar og sausar og humle, malt og urter får sette preg og ein ekstra spiss på maten. Ægir bryggar øl som er smaksrikt, lyst og mørkt, og som passar til alt frå fisk og vilt til sjokolade.

Både lokalet Ægir BryggeriPub og menyane er prega av vikinghistorie. Vi nyttar norske og lokale råvarer – dei som vart brukte i vikingtida, men smaksette for dagens gane. Her vil du få ei smaksoppleving frå 1018 til 2018.

På Vikingmenyen finn du suppe, salatar, kjøt- og fiskerettar, vegetar, og ikkje minst den populære Ægir Vikingplanken – 5 rettar lokal mat på fat og 5 ulike Ægir øl på planke – ein øl til kvar rett.

Ægir vikingmeny lunsj 1. mai – 30. september 2018
Ægir vikingmeny middag 1. mai – 30. september 2018
Vi serverer middag i Ægir BryggerPub heile året, og menyen varierer etter sesong.

Våre spesialkomponerte selskapsmenyar er populære for grupper på middag i Ægir BryggeriPub, Flåmstova Restaurant og i Ægir Smaksrom Peisestova, som ligg vegg i vegg med restauranten. Sjå menyen vår:
Øl- og matmeny. Gruppemeny min. 10 personar.
Øl og julematmeny Grupper min. 10 personar.
Kontakt oss gruppearrangement, og bestill bord her.