Vertskap

Vertskapet Aud Melås og Evan Lewis.

Ho frå Leikanger, han frå New York, – ekteparet som flytta frå California, ”Junaiten” til Flåm i 2004.

Vertskap – Om eventyret ved Aurlandsfjorden

”Ute har vi tunet og dei flotte norske husa. Inne finn du det lune og gjestfridom som gjer deg ”berusa”.

”Husfrua Aud Melås skifta stilling frå ei lovande karriere innan finans som banksjef i ein japansk forretningsbank i USA til å satse på ny næring i ei fjordbygd langt inne i Sognefjorden. Ekteparet såg potensialet til suksess tufta på tradisjon, kultur og kvalitet knytt opp mot turistnæringa. Med på ferda til Flåm hadde Aud nemleg med seg Vestlandet si utgåve av Ægir, sjefsbryggaren sjølv, ektemannen Evan Lewis, med diplombryggarutdanning frå Skandinavisk Bryggeriskole i København.

Ferda fram til mikrobryggeri, gildehall og tilhøyrande hotell, starta med at den ikkje-øldrikkande og heller pripne banksjefen og forretningskvinna frå Leikanger, med oppsett hår og høghæla sko, møtte den langhåra musikartypen og ølbryggaren Evan Lewis frå Rochester i New York. I utgangspunktet var dei nok ikkje nett typane for kvarandre, men når desse to byrja å koka i lag, varte det ikkje lenge før brygget tok til å ta form og utvikle kvalitet, og soleis enda som storsatsing i Flåm.

Forretningsteften har ho halde på, men den Aud Melås me møtte i Flåm er så langt frå ei prippen forretningskvinne ein kan tenkja seg: Me møtte den mest fargerike, rause og humørfylte Frøya som tenkjast kunne, som i all sin gjestfridom førte oss lukt inn i Ægir si sanserike verd, med bryggjaren sjølv, Evan, ved sida si, som baud på dei liflegaste dufter og dei mest forførande smakar i dei mange utgåver av Gudedrikken han framstiller inne i den tradisjonsrike fjordbygda.”

Utdrag frå Avisa Nordhordaland, tekst Hans Atle Svenheim