Reis til oss !

Flåmsbrygga ligg midt i rundturen ”Norge i et nøtteskall®”.

Ta Flåmsbana, båten på Sognefjorden og Nærøyfjorden, bil, buss, eller sykkel på Rallarvegen!

GPS:
N 60° 51’ 50.15’’
E 7° 7’ 3.26’’

Planlegg reisa her

Reis til oss!

Flåmsbrygga ligg 100 m frå Flåm Stasjon, 50 meter frå kaien, og ca 200 meter frå buss-stopp for rutebuss på E-16, som går mellom Oslo i aust og Bergen i vest.

Adresse: Flåmsbrygga Hotell, A-feltsvegen 25, 5743 Flåm
GPS:
N 60° 51’ 50.15’’
E 7° 7’ 3.26’’
Sjå avstandstabell og finn reiserute her.

Rundtur 

Turane ”Norge i et nøtteskall®”, og «Sognefjorden i et nøtteskall®” har stopp i Flåm. Vi foreslår å legge inn lenger stopp i rundturane, overnatting på Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet, ta ein tur på sykkel, kajakk, ski eller trugar, og ikkje minst oppleve den unike Ægir BryggeriPub.

Tog 

NSB tog går på Bergensbanen frå Oslo og Bergen til Myrdal, med tilknytning til Flåmsbana frå Myrdal til Flåm. Togturen er ein del av rundturane ”Norge i et nøtteskall®”, og «Sognefjorden i et nøtteskall®

Ta toget uansett årstid. Bestill billett på Flåmsbana og  Bergensbanen her

Båt 

Passasjerbåt på Nærøyfjorden (UNESCO) går mellom Flåm og Gudvangen heile året. Båtturen er ein del av rundturane ”Norge i et nøtteskall®”. Korrespondanse med buss i Gudvangen til/frå Flåm, Voss, Bergen (E-16)
Ekspressbåt/passasjerbåt Bergen- Sognefjorden – Balestrand – Flåm (tur-retur): 1/5-30/9, og denne er ein del av rundturen «Sognefjorden i et nøtteskall®

Passasjerbåt Flåm-Aurland-Gudvangen: Heile året. Sjå tider og prisar
Ekspressbåt Bergen-Flåm (tur-retur): 1/5-30/9. Sjå Norled om tider og prisar
Gudvangen – Kaupanger (tur/retur): 15/5-14/9 Sjå Fjord 2 om tider og prisar

Bil og buss

Bil
Køyretid på E-16, heilårsvegen Flåm – Oslo med bil 5,5 time,  og Flåm – Bergen med bil 2,5 time.
Vegen Flåm – Aurland – Hol – Geilo – Gol – Oslo er også heilårsveg.  Sjå kart: E-16, RV 7/RV50, RV 55, RV 53 eller RV 5.
Nasjonal Turistveg – Aurlandsvegen, er open i sommarsesongen juni-september. Vegen går mellom Flåm/Aurland – Stegastein – over fjellet med høgste punkt på 1306 moh, og til Lærdal. Alternativ er verdas lengste tunnel Lærdalstunnelen, 24,5 km. Ta gjerne rundturen frå Flåm, over Aurlandsvegen og tilbake gjennom Lærdalstunnelen.

Sjå kart og reiserute her.

Bussruter
Daglege bussavgangar heile året frå/til Bergen, Voss, Oslo, Lillehammer og Sogndal.
Sjå rutetilbod på Nor-way Bussexpress og på Nettbuss

I sommarhalvåret er det bussruter på vegen Aurland – Hol, til Østerbø / Aurlandsdalen.
Sjå ruteinformasjon her.

Andre rutetider for buss og båt: Sjå ruteinfo.net 
Ruteinformasjon Vestlandet telefon 177.
Vegtelefon: 175

Fly 

Sogndal Lufthamn (70 km)- innlandsruter Widerøe.
Bergen Lufthavn Flesland (165 km)  – innlandsruter SAS / Norwegian og Widerøe. Utenlandsruter direkte til eks. København, Amsterdam, Berlin og London.

Taxi 

Aurland Taxi tel.: 90130808
Gudvangen Taxi: tel 95419419