Selskap

Festbord eller langbord, middag, buffet, Vikingplanke, eller øl- og matmeny.

Legg arrangementet ditt til eit av våre rustikke lokale – restauranten, eige selskapslokale eller Ægir BryggeriPub.

Be om tilbod

Selskap

Flåmsbrygga er staden for selskap og arrangement – middag, fødselsdag, bryllaup, blåtur, firmafest og jubileum.

Selskapslokale

Flåmsbrygga har selskapslokale for store og små grupper, lokale med særpreg og karakter.
Vel din stil –  formelt med kvite dukar, festbord og taler, eller uformelt og sosialt på småbord og langbord.

Flåmstova Restaurant er rustikk, delikat og moderne med varm atmosfære.
Restauranten er lokale for større grupper, festmiddag med meny eller buffet. Restauranten har 95 plassar, og totalt 150 plassar ved å inkludere Ægir Smaksrom Peisestova vegg i vegg.

Ægir Smaksrom Peisestova har rustikk stil med langbord, peis og skinnsalong.
Ideelt lokale for grupper på presentasjon og ølsmaking, selskap, lukka arrangement med underhaldning, aperitif, og kaffi og kaker etter middag i restauranten. Dør inn til Flåmstova Restaurant. Direkte utgang til hage og røykepaviljong. Plass til ca 50 personar.

Ægir BryggeriPub er rustikk og røff, eit unikt lokale som er «bygt rundt» ein ni meter høg peis. Puben er i første etasje og i andre etasje er det ca 80 plassar for arrangement og selskap. Småbord og langbord for opptil 12 personer. Kombiner gjerne aperitiff ved peisen i Ægir BryggeriPub, og selskapsmiddag i restauranten eller i eige selskpslokale.

Ægir Bryggeri   

Menyar

Vår filosofi er at det skal vere Ægir øl i og til maten. Ægir øl er brukt i marinadar og sausar og humle, malt og urter får sette preg og ein ekstra spiss på maten.  Ægir bryggar øl som er smaksrikt, lyst og mørkt, og som passar til alt frå fisk og vilt til sjokolade.
Vel det som passar for ditt arrangement:

–  Bryllaupspakke , Bryllaupsmeny 2017 –  middag eller buffet
–  Øl og mat meny
–  Øl- og akevittsmaking
–  Julebord – på tradisjonelt vis med buffet og dans, eller Vikingmeny i Ægir BryggeriPub

Koldtbord, Vikingbuffet eller fingermat, 3 – eller 4 rettar middag,  øl- & matmeny:
Sjå våre menyar her, og kontakt oss for tilbod og bestilling!