Trugetur

Trugetur ved Stegastein
og Ægir Vikingplanke
– 5 rettar øl- og matmeny.

Vintertilbod: 1. feb. – 31.mars 2017

Pakkepris: kr 1095,- pp

Bestill her

Trugetur

Ver med på trugetur ved Stegastein. Nyt utsikten mot Nærøyfjorden, som er på UNESCO-lista.

Avslutt dagen med peisvarme, god stemning og Vikingplanke: 5 rettar øl- og matmeny i Ægir BryggeriPub. Ægir er eit av dei beste handverksbryggeria i Noreg med VM-gull, -sølv og -bronse for godt øl.

Turen startar med bil/buss i Flåm, via Aurland til Stegastein. Guiden gir innføring i å gå på truger, eit ypperleg «fottøy» i laussnøen. Vi går tur i den opne furuskogen og lagar figurar og formasjonar i snøen. Vi kosar oss med varm drikke og gode historier om livet ved fjorden og på fjellgardane.

Ikkje gløym kamera – her står fotomotiva i kø!

Periode:            1. feb. – 31. mars 2017
Dagleg avgang kl 15.30, oppmøte 20 min. før avgang. Turen varer 2,5  time.
Middag:            kl 18.00 – 20.00 i Ægir BryggeriPub
Pakkepris:         kr 1095,- pp

Bestill her eller ring +47 57 63 20 50

Atterhald om prisendringar.