Møterom

Lite og stort, og høgt under taket!

Flåmsbrygga er staden for
teamutvikling og lagbygging.

 

Les meir

Møterom

Flåmsbrygga er lite og intimt, og har ein særprega stil, som passar for mindre gruppemøter og kurs. Her vil gruppa vere samla, ein får ro og avkobling, og kan velge aktivitetar og utflukter som passar for gruppa.

Ægir Smaksrom Peisestova

Peisestova er eit populært møterom røft og rustikt med dagslys, peis og skinnsalong. Direkte utgang til hage og frisk fjordluft. Røykepaviljong i hagen. Lokalet er høgt under taket og har moderne møteromsutstyr, projektor, lerret og trådlaust nett.
Ægir Smaksrom Peisestova passar godt til styremøte, leiarsamling og grupper opptil ca 30 personar.

Inngang til lokalet er tvers over vegen for den unike Ægir BryggeriPub. Her tilbyr vi øl- og matmenyar i verdsklasse.

   


Flåmsbrygga Kurs

Møterom med dagslys, salong for kaffipause og utgang til hage og røykepaviljong. Lokale for opptil 60 personar i klasseromsoppsett. Dataprojektor, lydanlegg, trådlaust nett og teleslynge.

Ta med gruppa di til Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet, og heilaften i Ægir BryggeriPub.

    Flamsbrygga 02 redigert

Flåmsbrygga Hotell- Bryggerihotellet ligg ved fjorden, omkransa av mektige fjell. Det er lett å komme til Flåm både frå aust og vest, enten med bil, buss, tog, båt eller bane. Les meir

Be om pakketilbod på møte, aktivitet og konkurranse, ølsmaking med meny i Ægir BryggeriPub, og overnatting på Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet.