Kurs

La reisa vere del av ei god kurssamling!
Ta hurtigbåten frå Bergen
16.april – 14.oktober!

Bergensbanen og Flåmsbana går heile året.
Kombiner møte, teamutvikling,  aktivitetar og heilaften i Ægir BryggeriPub!

Les meir

Kurs

La reisa vere del av ei god kurssamling!

Ta hurtigbåten frå Bergen i ope kystlandskap til Sognefjorden med trange sund, frodige grender og snødekte fjelltoppar. Eller ta «fjellvegen» – med tog frå Bergen eller Oslo og opplev det reisande frå heile verda kjem til Noreg for å oppleve : Flåmsbana frå Myrdal i høgfjellet til fjorden i Flåm er ei av verdas vakraste togreiser!

Hurtigbåten går frå 16. april til 14.oktober 2018.
Flåmsbana går heile året, og mange gongar for dag.

På Flåmsbrygga vil gruppa vere samla, og få ro og avkobling. Flåmsbrygga er ein ideell stad for teamutvikling, gruppeaktivitetar og utflukter, med ein sosial avslutning på kursdagen i Ægir BryggeriPub. Her er det alltid fyr på peisen, stemning og den rette staden for Vikingmeny og ølsmaking.

Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet, er lite og intimt og den unike Ægir BryggeriPub har arkitektur som minner om ei stavkyrkje. Flåmsbrygga er både tradisjonell og moderne i stilen, med byggverk i stein, glas og treverk. Møteromma har dagslys, utgang til hage og frisk fjordluft.

Kontakt oss for tilbod.