Kurs

Ta gruppa di med på teamutvikling,
få ro, utsikt, frisk fjordluft og energi!

Opplev Ægir BryggeriPub på kvelden, med Vikingplanke og ølsmaking!

Les meir

Kurs på Flåmsbrygga

Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet ligg ved fjorden, lite og intimt, og har ein særprega stil. Her kan du ha styremøte med langbord, peis og skinnsalong, eller kurs i moderne kurslokale med klasse- eller kinooppsett.

Gruppa vil vere samla, ein får ro og avkobling. Vi skreddarsyr pakkar for teamutvikling, møter, arrangement i Ægir BryggeriPub, aktivitetar og utflukter.

Det er lett å komme til Flåm både frå aust og vest, enten med bil, buss, tog, båt eller bane.
Alt ligg til rette for ei god samling.

Ægir Smaksrom Peisestova

Ægir Smaksrom Peisestova ligg ved restauranten, vis a vis Ægir BryggeriPub. Lokalet er eit populært møterom, røft og rustikt med peis, skinnsalong, direkte utgang til hage, frisk fjordluft og røykepaviljong. Ægir Smaksrom Peisestova passar godt til styremøte, leiarsamling og grupper opptil ca 30 personar.

      

Flåmsbrygga Kurslokale

Møterommet ligg i hotellbygget. Salong for kaffipause og utgang til hage og røykepaviljong. Lokale for opptil 60 personar i klasseromsoppsett.

    

Pakketilbod

Den unike Ægir BryggeriPub tilbyr mat og drikke i verdsklasse. Heilaften i Ægir BryggeriPub er ein perfekt avslutning på ein god kursdag med møte, aktivitet, konkurranse eller utflukt.
Vi skreddersyr pakkar med møte, aktivitetar og arrangement. Kontakt oss for tilbod.