Hotell

Velkomen til Flåmsbrygga Hotell
– Bryggerihotellet ved fjorden og Flåmsbana!

Rom med balkong og fjordutsikt.
Ægir BryggeriPub – attraksjon og øl i verdsklasse.
Restaurant, selskapslokale og kafé.
Aktivitetar – Fjordsafari – Trugetur – Ski – Vandring – Sykling.

Bestill rom

Flåmsbrygga

Flåmsbrygga er eit tun inst i Sognefjorden, avskjerma og roleg, og berre nokre steg frå Flåmsbana og kaien.

Tunet med hotell, restaurant, kafé og Ægir BryggeriPub er omkransa av hage og parkområde, mektige fjell, strand og båtliv, og har utsyn rett på fjorden.

Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet, opna i 2008
Ægir BryggeriPub er bygd i norrøn vikingstil og minner om ei stavkyrkje. Opna i 2007.
Ægir Smaksrom Peisestova,  Flåmstova Restaurant og Furukroa Kafé, er renovert i perioden 2010-2015.

Flåmsbrygga er lite og intimt, og har ein særprega stil – både tradisjonell og moderne. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas.
Sjå oversikt om vår kapasitet her.

Ægir er vårt eige bryggeri og er idag eit av dei beste handverksbryggeria i Noreg. Ægir BryggeriPub er unik og ein av dei største attraksjonane i Flåm. Ægir ølet er i verdsklasse, og har fått både gull- sølv- og bronsemedaljar i «VM».  Ægir har også sin eigen akevitt! Les meir

Flåmsbrygga ligg idèelt til for aktivitetar og utflukter. Vi tilbyr pakkar med vinter FjordSafari, trugetur ved Stegastein, Ski & train, kulturell kveldsvandring med guide, og heilaften i Ægir BryggeriPub. Prøv Vikingmenyen og den populære Vikingplanken – 5 rettar lokal mat med ølsmaking til maten.

I sommarsesongen er sykling på Rallarvegen, vandring i Aurlandsdalen, fjordsafari og kajakk på Nærøyfjorden blandt dei mest populære aktivitetane, og utflukt på Flåmsbana, utsiktspunktet Stegastein og Undredal er blandt 10 på topp.
Sjå våre forslag til aktivitetar og utflukter her

Besøk oss i Flåm på adresse: Flåmsbrygga Hotell, A-feltsvegen 25, 5743 Flåm
GPS kode N 60° 51’ 50.15’’  E 7° 7’ 3.26’’. Flåm er lett å reise til – du kan komme til oss med bil, buss, tog, båt eller fly.
Les meir.