Informasjon vedrørande Coronavirus (COVID-19)


Våre smitteverntiltak

Flåmsbrygga set tryggleiken til gjester og tilsette i høgsete, og følger Folkehelseinstituttet sine retningslinjer for smittevern. Det skal være trygt å bu, ete og drikke hjå oss. For å minimere risikoen for spreiing av koronaviruset, har vi iverksett ei rekke tiltak og vi følger nøye med i utviklinga og oppdaterer rutinane etter helsestyresmaktene sine tilrådingar.

Reinhald og hygiene er alltid høgt prioritert i vår bedrift. Vi har strenge rutinar for handhygiene for våre tilsette og har eit sterkt fokus på reinhald og desinfisering i lys av dagens situasjon. Vi vil også oppfordre våre gjester til å vaske hendene ofte med såpe og varmt vatn.

Våre tiltak:

  • Alle våre tilsette har vorte instruert i korleis dei best forheld seg til smittevern og korleis ein best unngår smitte.

  • Desinfeksjonsmiddel som inneheld alkohol (Purell antibac) er tilgjengeleg i alle fellesområde.

  • Vi har auka bruk av desinfeksjonsmiddel som innehelder alkohol (Purell antibac).

  • Auka fokus på handhygiene.

  • Skjerpa rutinar for reinhald og hygiene.

  • Gjesteregistrering via QR-kode for evt. smittesporing.

  • Vi unngår å handhelse og klemme.

Reinhaldsrutinar:

  • Regelmessig vasking av fellesareal som kafé-, pub- og restaurantområder, toalett, resepsjon, heis osb.

  • Regelmessig vasking av utsette flater som drikkeautomat, dørhandtak, kortterminal, lysbrytarar, heisknappar osb.

  • Det nyttast effektive kjemikaliar som er snille mot menneske og natur.

Servering av mat og drikke:

  • Vi har utarbeida tiltak og retningslinjer for handtering av mat- og drikkeservering.

  • Det er 1 meter avstand mellom borda i serveringslokala.

  • Meny og drikkekart er tilgjengeleg på QR-kode.

  • For å unngå kø er det markeringar på golvet.  

  • Krydder / ketsjup flasker osb vert vaska med desinfeksjon etter bruk.

  • Bord / stolar vert vaska med desinfeksjon etter bruk.

Dette kan du gjere for å førebygge smitte:

  • Hald minst 1 meter avstand til personar som ikkje er frå din husstand

  • Unngå å hoste eller nyse direkte på andre.

  • Hoste inn i eit papirlommetørkle som du kastar. Deretter må du vaske deg på hendene.

  • Dersom du ikkje har eit papirlommetørkle, bør du hoste i albogen slik at du ikkje spreiar dråper ut i lufta.

  • Du kan også nytte eit desinfeksjonsmiddel som inneheld alkohol (antibac), dersom du ikkje har såpe og vatn tilgjengeleg.

  • Finn alternativ til handhelsing og klemmar.

Vi gjer alle nødvendige tiltak for at våre gjester og tilsette kjenne seg trygge når dei nyttar våre tilbod her på Flåmsbrygga.