Generelle vilkår for bestilling og avbestilling.

  1. Generelle vilkår
    1.1 Desse generelle vilkåra gjeld mellom Flåmsbrygga Hotell AS og andre som inngår avtale med Flåmsbrygga Hotell AS i høve til stadfestinga (gjesten).
    1.2 Flåmsbrygga Hotell AS stiller seg ansvarleg for alle transaksjonar som går gjennom flamsbrygga.no.
    1.3 Flåmsbrygga Hotell AS er ansvarleg for at våre underleverandørar får betalt for det gjesten har bestilt gjennom oss. Våre underleverandørar er ansvarleg for kvar sin del av sitt program; fullstendige forsikringar, løyver, utstyr, bemanning og anna, som er i samsvar med dei gjeldande lovane og reglane for leverandøren.
    1.4 Gjesten som bestiller på flamsbrygga.no må vere fylt 20 år. Dette gjeld for alle varer og/eller tenester som kan bestillast på gjeldande nettside. Minst ein person må ha fylt 20 år for å overnatte.
    1.5 Flåmsbrygga Hotell AS fråskriv seg ansvar for feil gjesten gjer dersom ein ikkje har følgt våre vilkår. Vilkåra beskyttar deg som gjest og Flåmsbrygga Hotell AS som distributør.

  2. Bestilling
    2.1 Ei bestilling er bindande så snart eit bookingnummer er tildelt gjesten og betaling fullført. Det er gjesten sitt ansvar å kontrollere at frammøte- og avreisedato, samt alt anna som er vesentleg for at bestillinga er korrekt.
    2.2. Avtalte prisar er bindande for partane. Flåmsbrygga Hotell kan justere prisane som følge av auke i skattar og avgifter, eller andre forhold som er utanfor hotellet sin kontroll.

  3. Betaling
    3.1 Gjesten skal betale 100 % ved bestilling av pakkeopphald, arrangement og aktivitetar via flamsbrygga.no. Gjesten tek med seg kvitteringa ved ankomst. 3D Secure er aktivert for websida.
    3.2 Vår samarbeidspartnar Teller AS er ansvarleg for at kredittkortnummer og -kodar vert handtert trygt i samsvar med dei krav som er definert i Payment Card Industry Data Security Standard (PCI DSS)
    3.3. Fakturering skal vere avtalt på førehand. Minstebeløp for fakturering er NOK 5000,-.

  4. Forsikring
    4.1 Vi rår til at alle våre kundar sjølv må sørge for gode forsikringsavtalar før reisa, i tilfelle sjukdom, tap eller skade på reisegods, ulykke, ansvar og liknande.

  5. Vilkår for alle produkt som vert bestilt på Flåmsbrygga 
    5.1 Bestilling på vår web: flamsbrygga.no, av rom, aktivitetar og pakkar vert stadfesta med bookingnummer i e-mail, etter at betaling er gjort med gyldig kort.
    5.2 Avbestilling av hotellrom og pakkar på www.flamsbrygga.no.
    Avbestillingsfrist er 48 timar før frammøte. Avbestilling etter dette vert belasta 100%. Eit gyldig kredittkort er påkrevd for å kunne gjennomføre bestillinga og eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.
    5.3 Endring av bestilling.
    Rombestilling, ankomst- og/eller avreisedato, aktivitetar og pakkar kan endrast ved å kansellere og bestille på nytt.  Evt. ta kontakt på telefon +47 57632050, eller på e-post til mail@flamsbrygga.no. Endringar kan i nokre tilfelle medføre gebyr.
    5.4 Vilkår gruppebestilling.
    Det er eigne vilkår og avbestillingsreglar for gruppebestilling av opphald, aktivitetar og arrangement. Avbestilling skal skje skriftleg på e-post til mail@flamsbrygga.no
    5.5 Endring av overnattingseining.
    5.5.1 På bakgrunn av hendingar som ligg utanfor på Flåmsbrygga Hotell AS sin kontroll, har på Flåmsbrygga Hotell AS rett til å flytta gjesten til ein likeverdig overnattingseining. Der det er mogleg, skal gjesten informerast på førehand om slike endringar. Slike endringar gjev ikkje gjesten rett til å sleppe betaling for opphaldet.
    5.6 Klagar på overnattingsstaden.
    5.6.1 Dersom gjesten har klagar angåande sin overnattingseining ved frammøte eller under opphaldet, ta snarast kontakt med resepsjonen på Flåmsbrygga Hotell, slik at det er mogleg å rette opp feilen.
    5.6.2 Feil som vert informert om ved avreise eller seinare, vert ikkje kompensert økonomisk.
    5.7. Ansvar for skade.
    Gjesten eller den som står som garantist for bestillinga er ansvarleg for skade på lokaler, utstyr og fasilitetar, som følge av uaktsom eller uforsvarleg framferd av gjestene.

  6. Avbestillingsvern
    Gjesten kan ved bestilling av pakkar, i h.t. Lov om pakkereiser, teikne eit avbestillingsvern/-beskyttelse, og dermed ha rett til å avbestille vederlagsfritt. Med avbestillingsvern/- beskyttelse  kan ein avbestille på grunn av plutseleg og alvorleg sjukdom, ulukkesskade eller død i din eigen husstand eller i nærmaste familie (ektefelle, sambuar, barn, foreldre, svigerforeldre eller søsken) som hindrar, eller gjer det uforsvarleg å gjennomføre reisa. Retten til avbestilling gjeld også dersom hindringa rammer ein annan i reisefølget, og det derfor er urimeleg å kreve at du skal gjennomføre pakkereisa utan at vedkommande person er med. Forholdet skal dokumenterast seinast innan ein månad etter at forholdet oppstod, ved legeattest på skjema godkjent av Lægeforeningen og Den Norske Reisebransjeforening. Prisen for avbestillingsforsikring/ beskyttelse vert ikkje refundert. Dersom bestillinga og prisen er basert på at to eller fleire bur i same rom, vil avbestillingsvernet dekke tillegg som elles ville komme som følge av at gjesten ikkje kan gjennomføre reisa. Avbestillingsvernet omfattar også hendingar som er av plutseleg og alvorleg karakter, og som kunden verken kjende til eller burde kjenne til då avtalen vart inngått, og det ikkje er rimeleg å kreve at kunden gjennomfører turen. Slike forhold kan til dømes vere stor skade på eigedom. Forholdet skal dokumenterast ved politirapport eller attest frå forsikringsselskap.

  7. Våre underleverandørar
    Som selgar står Flåmsbrygga Hotell AS ansvarleg overfor gjesten for det denne har krav på i høve til avtalen. Ansvaret for dei tenestene som skal leverast av andre enn Flåmsbrygga Hotell AS, står leverandørane sjølv ansvarleg for. Vi er ansvarleg for at våre underleverandørar får betalt for det gjestene har bestilt gjennom oss. Våre underleverandører er ansvarleg for kvar sin del av sitt program, med fullstendige forsikringar, løyver, utstyr, bemanning og anna, som er i tråd med gjeldande lover og reglar.

  8. Force Majeure 
    Flåmsbrygga Hotell AS og våre underleverandørar står ikkje til ansvar for utilfredsstillande vèrforhold, stengde fasilitetar eller andre forhold som ligg utanfor selskapet sin kontroll. Vi tek atterhald om feil i informasjon om tenester og tekniske problem som kan oppstå. Partane kan tre ut av avtalen dersom varen som er kjøpt ikkje kan bli brukt på grunn av krigshandlingar, naturkatastrofar, lengre avbrot av vatn­ eller el-­tilførslar, og liknande hendingar som verken Flåmsbrygga Hotell AS eller gjesten kunne forutsjå eller påverke.