Ski and train

Frå Flåm til fjells – og i Ægir til kvelds!

Gløym bilen! Ta toget til Vatnahalsen og nyt dagen på ski.

På kvelden kan du nyte peisvarmen, Vikingmenyen, og noko av den beste drikken i verda – i Ægir BryggeriPub.

Bu på Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet!

Bestill her

Vatnahalsen er Noregs nye skidestinasjon.

Spenn på deg skia på toppen av Flåmsbana.
Her kan du velge topptur og frikøyring i laussnøen, skitur i fint, kupert terreng med toppane rundt, akebrett eller trugetur.  Du kan til og med køyre på ski ned til Flåmsdalen, i puddersnø og skogsterreng når det er vær og føre til det.  Les meir her

Maten smakar best ute  – men du kan også la deg freiste av god suppe, vaflar og kaffi hos Jannet på Vatnahalsen.

nistepakke01      vaffel03     avslapning-mat-01

Bruk Flåmsbana som skiheis til Vatnahalsen.
Ta toget om morgonen  – frå Flåm kl 09.00 og 11.50 (50 min) eller frå Bergen kl 07.57 og kl 08.43 (ca 2 t frå Bergen til Myrdal v/Vatnahalsen).
Etter ein flott dag på Vatnahalsen, ta Flåmsbana til Flåm på ettermiddagen kl 15.50 eller kl 18.00.

Heilaften i Ægir BryggeriPub
Slapp av med peiskos og smak på noko av verdas beste drikke. På Ægir sin Vikingmeny finn du alt frå fiskesuppe, salatar, vikingburger og den populære Vikingplanken – fem rettar servert med fem ulike Ægir øl til maten.

Ægir Bryggeri     aegir-bryggeripub-viking-plank-02-thor-brodreskift

Kontakt oss for bestilling