Rallarvegen

Rallarvegen er Noregs mest populære sykkeltur.

Ta turen frå Haugastøl eller Finse til Flåm.
«After bike» i Ægir BryggeriPub.

Bestill her

Sykkeltur på Rallarvegen

Turen startar på Haugastøl eller Finse, og går i høgfjellet mot Myrdal. Du passerer den mektige Hardangerjøkulen og vidare i det spektakulære partiet frå Hallingskeid til Vatnahalsen. Herifrå trillar du nedover Flåmsdalen forbi fossefall og geiter på beite. Turen endar ved fjorden i Flåm til «after bike» i Ægir BryggeriPub! 


Ta bilen, bussen eller toget til Haugastøl, eller tog til Finse. Du kan bruke eigen sykkel, eller leige på Haugastøl eller Finse 1222.