Opplev ekte handverk i Aurland! 

Aurlandskoen, glasblåsing og nysteikt brød.

Aurlandskoen med ti-øringen er på mote igjen, og det er nytt liv i fabrikken og butikken.

Sjå glasblåsar Merete Rein i aksjon, og kjøp drikkeglas, pynt og gåver.

Avslutt på Marianne Bakeri og Kafé med heimelaga brød, vaffel med brunost, kaffe og varm sjokolade.

Opplev ekte handverk i Aurland! 

Aurlandskoen frå 1930-talet, – også kalla «penny loafer»  hadde ti-øring under lissa, og det har den fortsatt. Skoen er på mote igjen, og i skofabrikken er det visningsenter og butikk. Her får du kjøpt ikkje berre sko, men belter, vesker og populære gåveartiklar.
Ope mandag – fredag kl 08:00-16:00 og laurdag  10:00-14:00.

Merete Rein er ein populær glasblåsar med verkstad og butikk. Her får du alt frå drammeglas, julepynt, glasdekor, og store lysestakar.
Ope onsdag – laurdag kl 10:00 – 16:00

Sogn Jord- og Hagebruksskule  – gardsbutikken, er ofte på Bondens Marked. I butikken i Aurland sel dei all slags «gladmat» som sjølvdyrka økologiske grønsaker, frukt og bær, og geitost, økologisk såpe og parfyme. Her får du dei nydelege tørka aprikosene i laus vekt.
Ope mandag – onsdag kl 11:00 – 16:00 torsdag kl 11:00 – 17:00, fredag kl 11:00 – 18:00, laurdag kl 11:00 – 14:00.

Avslutt turen på Marianne Bakeri og Kafé! Ho har verdens beste heimebakst – prøv müslibolle eller vaffel med brunost, surdeigsbrød, kanelsnurr, ostekake og pizza!
Ope mandag – laurdag kl 10.00 – 16:00.