Fottur til Brekkefossen

Turen til Brekkefossen (290 moh) er den mest populære fotturen i Flåm.
Du går på godt merka sti i bratt terreng, og får ei nydeleg utsikt oppe ved fossen.
1,5 t tur/retur

Fottur til Brekkefossen

Flåmsdalen og Aurlandsfjorden er forma av smeltevatn, stein og grus frå isbreane gjennom mange istider og millionar av år. Flåmsdalen er ein typisk fjorddal som skjer seg inn i djupet av urgamle fjell.

På turen til Brekkefossen får du utsyn både mot fjorden og innover dalen.
Start turen på Flåmsbrygga eller ved Flåm Stasjon, gå over elva på bru, og passer forbi Flåm Camping. Fortsett rett fram i vegkryss. Etter 1,5 km følg skilt til Brekkefossen. Gå gjennom grind og følg raud T-merka sti opp til fossen.

Sjå kart