Flåmsbana

Flåmsbana – ei av verdas vakraste jernbanestrekningar.

Toget går til alle årstider og har tilknytning til Bergensbanen mellom Bergen og Oslo!

Ta turen som utflukt eller som ein del av reisa til Flåm!

Les meir

Flåmsbana

Opplev ei av verdas mest spekatulære togreiser, og ein av dei største turistattraksjonane i Noreg. Flåmsbana går mellom høgfjellstasjonen Myrdal på Bergensbanen ned til Flåm stasjon inst i Aurlandsfjorden.

På den 20 kilometer lange togturen med ein høgdeforskjell på omlag 865 meter opplever du noko av det villaste og mest storslåtte som finst av norsk natur. Her kan du sjå elvar som skjær seg gjennom djupe gjel, fossar som kaster seg utfor bratte fjellsider med snødekte fjelltoppar og fjellgarder som klamrer seg fast i bratte skråningar.

Flåmsbana er ein av verdast brattaste jernbanestrekningar på normalspor. Nesten 80 prosent av strekningen ligg i 55 ‰ stigning, det vil seie ei stigning på ein meter på 18. Vendetunnelen som går i spiral inn og ut av fjellet er eit bevis på den mest dristige og kyndige ingeniørkunst i norsk jernbanehistorie.

Du kan kombinere ein tur med Flåmsbana med å vandre eller sykle frå Myrdal til Flåm.
Bestill her