FjordSafari vinter

Ta FjordSafari på Nærøyfjorden.
Gå i land i pittoreske Undredal.
Nyt kvelden i Ægir BryggeriPub.

Ægir Vikingplanke
– 5 rettar meny og ølsmaking.

Vintertilbod:
2. jan. – 31. mars 2017

Pakkepris: kr 1095,- pp

Bestill her

FjordSafari vinter

Ta FjordSafari i ribbåt på Nærøyfjorden og speid etter niser som leikar seg i vatnet, sel som solar seg på steinane og ørn som jaktar rundt fjelltoppane. Høyr historier om livet på fjellgardane, om huldrer og vikingar.

Vi passerer:
* Stigen – fjellgarden i himmelsyn 360 moh
* Beitelen – krysset i Sognefjorden der Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden møtest
* Sagfossen 600 m, den lengste fossen i Nærøyfjorden
* Den kongelege postvegen ved Styvi

Gå i land i den idylliske bygda Undredal. I den vesle nærbutikken får du noko varmt å drikke og gode historier, og du kan smake og kjøpa med deg den kjende lokale geitosten.

Opplev Ægir BryggeriPub på kvelden, nyt peisvarmen og stemninga, og Ægir Vikingplanke – 5 rettar meny med ølsmaking.

Periode:
2. jan. – 31. mars  2017
Tid:               2,5 time.
                        Avgang FjordSafari 11.45. Oppmøte kl 11.25.
Middag i Ægir BryggeriPub kl 18.00 – 20.00
Pakkepris: Kr 1 095,- pp

Bestill her eller ring +47 57 63 20 50.

Atterhald om prisendringar.