Fjordsafari vinter

Ta FjordSafari på Nærøyfjorden.
Gå i land i Undredal.
Nyt kvelden i Ægir BryggeriPub.

Vintertilbod:
1.nov. – 23.des. &  27. – 30. des.2017
2.jan. – 31.mars 2018

Pakkepris: kr 1145,- pp inkl. Fjordsafari og Ægir Vikingplanke
– 5 rettar meny med ølsmaking.

Bestill her

FjordSafari vinter

Opplev Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og den vesle bygda Undredal om vinteren!

Turen går frå Flåm og tek deg inn den imponerande Nærøyfjorden med rib-båt. Undervegs vert det fleire stopp der guiden fortel om det rike dyrelivet i området, den særeigne naturen, kulturhistoria til dei små bygdene og gardane vi passerer, og om huldrer og vikingar. Fossane har frose til is, fjorden er blank og snøen ligg som glasur på dei bratte fjella.

Vinterturane har ulik lengde, og på den lengste turen – Vinter FjordSafari (2,5 time) passerer vi:
* Stigen – fjellgarden i himmelsyn 360 moh * Beitelen – krysset i Sognefjorden der Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden møtest
* Sagfossen 600 m, den lengste fossen i Nærøyfjorden
* Den kongelege postvegen ved Styvi

Klede og utstyr:
Du får utdelt flytedrakter, luer, vottar, briller og overtrekk sko. Kle deg godt med ull eller fleece, og ha varme og komfortable sko. Du kan evt. leige ekstra klede. Oppmøte og påkleding 30 minutter før avgang.

Sesong: 1. november 2017 – 31. mars 2018

Pakketilbod Vinter FjordSafari og Ægir Vikingplanke
Bli med på Vinter FjordSafari på Nærøyfjorden på dagen, og opplev Ægir BryggeriPub på kvelden.

FjordSafari & vikingplanke

På denne turen går vi i land i den idylliske bygda Undredal. Her får vi varm drikke, og kan smake og kjøpe den lokale geitosten i den vesle nærbutikken.
Etter ein fin vinterdag på fjorden, kan du nyte peisvarmen og stemninga i den unike Ægir BryggeriPub på kvelden. Her får du servert den populære Ægir Vikingplanke – 5 rettar meny med ølsmaking.

Periode:
1.nov. – 23.des. 2017
27. des. – 30.des. 2017
2.jan. – 31.mars 2018

Tid:
11.45 – 14.15. (FjordSafari 2,5 time)
Avgang FjordSafari 11.45. Oppmøte kl 11.15.
Middag i Ægir BryggeriPub kl 18.00 – 20.00

Pakkepris: Kr 1 145,- pp
inkl. FjordSafari 2,5 time og middag Ægir Vikingplanke med ølsmaking.
Bestill pakke her 

Sjå opningstider i Ægir BryggeriPub

Vinter FjordSafari

Periode:
1.nov. – 23.des. 2017
27. des. – 30.des. 2017
2.jan. – 31.mars 2018
Tid:
11.45 – 14.15. (Fjord Safari 2,5 time)
Avgang FjordSafari 11.45. Oppmøte kl 11.15.
Pris: Kr 750,- pp
Bestill FjordSafari her 

Basic FjordSafari

Periode:
1.nov. – 23.des. 2017
1.feb. – 31.mars 2018
Tid: 09.30 – 11.00 (1,5 time)
Avgang FjordSafari 09.30. Oppmøte kl 09.00
Pris: Kr 640,- pp
Bestill FjordSafari her 

Atterhald om endringar.