FjordSafari sommar

Ta FjordSafari og opplev Nærøyfjorden – den smalaste fjorden i Nord-Europa i ribbåt. Speid etter nise, sel og ørn. Gå i land i Undredal og smak på geitosten.

Turar frå 1,5 – 3 timar fleire gongar dagleg.

Bestill her

FjordSafari sommar

Bli med på fjordSafari i ribbåt og opplev den spektakulære naturen i Nærøyfjorden, som er på UNESCO-lista. Speid etter nise, sel og ørn. Høyr historier om livet på fjellgardane, om Stigen, Dyrdal, Bakka, postgarden Styvi og den gamle Postvegen som idag er tursti.
Gå i land i Undredal – bygda med ca 80 fastbuande og 450 geiter, og smak på geitosten.

Tur i ribbåt går med erfaren guide, og du får flytedrakt og utstyr for å halde varmen. Turane passar for alle, vaksne og barn.

Periode: Juni, juli og august 2018
Tid:          1,5  – 3 timar
Pris:        frå kr 660,- pp for vaksne og kr 460,- for born.

 

Basic FjordSafari

Bli med på guida tur på Aurlandsfjorden og inn til Sagfossen i verdsarvområdet Nærøyfjorden (1,5 time)
Avgang: 1.juni – 31.august, dagleg 

kl 09:00 – 10:30
kl 10:00 – 11:30
kl 15:00 – 16:30
Pris: kr 660,- for vaksne /460,- for born
Bestill her

 

Heritage FjordSafari

Opplev heile Nærøyfjorden og den storslagne vestnorske naturen (2timar 15 min)
Avgang: 1.juni – 31.august, dagleg 

kl 09:30 – 11:45
kl 11:00 – 13:15
kl 13:50 – 16:05
kl 17:10 – 19:25
Pris: kr 810,- for vaksne / 610,- for born
Bestill her

 

Taste FjordSafari

Ta turen Heritage Taste FjordSafari i ribbåt på Nærøyfjorden. Stopp i den pittoreske «geitebygda» Undredal og smak på den lokale geitosten. (3 timar) 
Avgang:  1.juni – 31.august, dagleg

kl 16:30- 19:30
Pris: kr 910,- for vaksne /630,- for born
Bestill her

 

FjordSafari & vandretur

Basic FjordSafari og vandretur til geitestøl (5,5-6 timar)

Start med Basic Fjordsafari og gå i land i Skjerdal. Vegen frå fjorden til støls 400 m.o.h. går oppover i slyng med flotte utsyn. På stølen Leim får du omvisning og lunsj med mat som er laga på garden – ulike geitostar, spekepølse, svele med rømme og syltetøy.
Avgang:  15.juni – 31.august, dagleg 
kl 09:00 – 14:30
Pris: kr 1390,- for vaksne/ 830,- for born
Bestill her