Fjordcruise

Opplev det eventyrlege fjordlandskapet inst i Sognefjorden.

Ta turen på fjorden og få det rette perspektivet av stupbratte, snøkledde fjell, ville fossefall og eit levande kulturlandskap.

Bestill her

Fjordcruise

Flåm – Gudvangen

Fjordcruise på Nærøyfjorden som er på Unesco-lista.  Nærøyfjorden er den trongaste fjorden i verda, berre 250 meter på det smalaste. Fjella kring fjorden reiser seg opp til 1 700 meter over den blanke vassflata. Nyt den imponerande utsikten, dei små grendene langs fjorden og fjellgardar som klamrar seg fast i fjellsida. Turen kan starte i Flåm eller Gudvangen, og går med båt ein veg, og retur med buss.

Bestill fjordcruise her 

Flåm – Leikanger – Balestrand

Cruiset tek deg ut Sognefjorden, verdas lengste og djupaste fjord. Fjorden vert regna for å vere eit av dei vakraste reisemåla i verda. Landskapet er frodig, fossane stryk nedover fjellsida, og innimellom ser du små pittorekse tettstader, dyr og geiter. På denne eventyrlege reisa i fjordrike kjem du til Leikanger – ei av dei største fruktbygdene i Noreg, og til det historiske Balestrand som fortsatt er ei inspirasjonskjelde for mange kunstnarar, skribentar og fotografar.

Informasjon og bestilling av fjordcruise  – les  meir