Aktivitetar

Bu på Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet og bli med på aktivitetar frå fjord til fjells og i Ægir til kvelds.

Fjordsafari, trugetur og kveldsvandring med guide er dei mest populære aktivitetane på vinteren.

Avslutt dagen med Ægir Vikingplanke og ølsmaking.

 

Aktivitetar

Fjordsafari, trugetur og kveldsvandring med guide er dei mest populære aktivitetane på vinteren. I sommarsesongen kan du sykle Rallarvegen og vandre Aurlandsdalen, og bli med på utflukt og vandretur til stølen, helse på geitene og smake på ekte stølskost. Avslutt dagen med Ægir Vikingplanke og ølsmaking. Sjå nokre av dei mest populære aktivitetane her, og kontakt oss for bestilling.

  • FjordSafari vår

    Ta FjordSafari på Nærøyfjorden. Speid etter nise, sel og ørn.
    Nyt kvelden i Ægir BryggeriPub med Ægir Vikingplanke
    – 5 rettar meny og ølsmaking.

    Vårtilbod:
    1.april – 31. mai 2017
    Pakkepris: kr 1095,- pp

    Les meir
  • Ski and train

    På ski på Vatnahalsen

    Gløym bilen! Ta toget til Vatnahalsen og nyt dagen på ski.
    Kvelden er i Ægir BryggeriPub med peiskos og Vikingmeny.

    Frå Flåm til fjells og i Ægir til kvelds!

    Les meir
  • FjordSafari vinter

    Ta FjordSafari på Nærøyfjorden. Gå i land i pittoreske Undredal.
    Nyt kvelden i Ægir BryggeriPub med Ægir Vikingplanke
    – 5 rettar meny og ølsmaking.

    Vintertilbod:
    2. jan. – 31. mars 2017
    Pakkepris: kr 1095,- pp

    Les meir
  • Trugetur

    Trugetur ved Stegastein og Ægir Vikingplanke – 5 rettar øl- og matmeny.

    Vintertilbod: 1. feb. – 31. mars 2017
    Pakkepris: kr 1095,- pp

    Les meir
  • Fottur til Brekkefossen

    Turen til Brekkefossen (290 m.o.h) er den mest populære fotturen i Flåm.
    Du går på merka, god sti i bratt terreng, og får ei nydeleg utsikt oppe ved fossen.
    1,5 t tur/retur

    Les meir
  • FjordSafari haust

    Ta Fjordsafari på Nærøyfjorden, speid etter nise, sel og ørn, få historier om livet på fjellgardane, om huldrer og vikingar.
    Pakketilbod : FjordSafari og heilaften i Ægir BryggeriPub
    Periode 1.sept. – 31.okt. 2017
    Pakkepris: kr 1 145,- pp inkl. FjordSafari og Ægir Vikingplanke
    – 5 rettar meny og ølsmaking.

    Les meir
  • Aurlandsdalen

    «Aurlandsdalen er noe av det vakreste jeg vet» UT.no 2014
    Pakketilbod 26.mai – 1.okt. 2017
    2 døgn frå kr 2 390,- pp

    Les meir
  • Kajakktur

    Kom i nærkontakt med fjorden. Høyr lyden av di eiga padleåre og nyt synet av fossefall ned fjellsidene.
    3 og 4 timars tur med guide i perioden 1. mai – 24. sept. 2017.
    Pris frå kr 650,-

    Les meir
  • Rallarvegen

    Rallarvegen er Noregs mest populære sykkeltur, ca 6 timar frå Finse til Flåm. Turen går i høgfjellet forbi Hardangerjøkulen til Hallingskeid og Vatnahalsen. Herifrå er det lett triling til fjorden i Flåm og «after bike» i Ægir BryggeriPub.

    Les meir
  • FjordSafari sommar

    Opplev Nærøyfjorden og det vakre fjordlandskapet i ribbåt. Speid etter nise, sel og ørn, og høyr historia om livet på fjellgardane inst i Sognefjorden.
    Sommarturar frå 1,5 til 3 timar. Pris frå kr 640,- pp

    Les meir

Utflukter

Bu på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet, og vel utflukter frå 10 - på topp lista i verda. Flåmsbana, Stegastein, Undredal og Fjordcruise på Nærøyfjorden - som er på Unescolista, er av dei mest populære.

  • FjordSafari og vandretur til geitestøl

    Bli med på FjordSafari og vandring til geitestølen Leim.
    Til lunsj får du smake ekte bondekost, geitostar, spekemat, mjølkekake med rømme og syltetøy – alt laga på stølen.

    Les meir
  • Opplev Undredal

    Bli med på biltur med guide, kom inn og opplev stemninga i den minste stavkyrkja i Skandinavia. Hels på geitene i den idylliske ostebygda Undredal.
    Pakketilbod 4 timars tur: kr 890,- inkl. transport, lunsj og guide på heile turen.

    Les meir
  • Opplev ekte handverk i Aurland! 

    Aurlandskoen med ti-øringen er på mote igjen. Besøk skofabrikken, visningssenteret og butikken.

    Sjå glasblåsar Merete Rein i aksjon, og kjøp drikkeglas, pynt og gåver.

    Kjenn lukta av nysteikt brød på Marianne Bakeri og Kafé, og nyt vaffel med brunost, kaffe og varm sjokolade.

    Les meir
  • Stegastein

    Opplev attraksjonen Stegastein på Aurlandsfjellet, og nyt utsikten mot Nærøyfjorden. Hugs kamera!
    Buss tur/retur Flåm dagleg. Pris kr 275,- pp.

    Les meir
  • Flåmsbana

    Flåmsbana – ein av verdas vakraste jernbanestrekningar.
    Toget går til alle årstider, og har tilknytning til Bergensbanen!

    Ta turen som utflukt frå fjord til fjells, og med Ægir til kvelds!

    Les meir
  • Fjordcruise

    Opplev det eventyrlege fjordlandskapet inst i Sognefjorden. I båten får du det rette perspektivet av stupbratte, snøkledde fjell, ville fossefall og levande kulturlandskap.

    Les meir