Ølutval

Ægir i boks!

Ægir øl frå Flåm til Australia,
og på tap i London.

Bestill smaking her

Ølutval frå Ægir

Ægir Bryggeri produserer eit rikt utval av ølsortar for sal i Ægir BryggeriPub, butikkar og serveringstadar landet rundt, i boks og på fat, og eit mindre utval på flaske. Ægir Bryggeri leverer også øl til eksport til andre land i Skandinavia, Russland, England, Australia  og fleire står for tur.

Ægir Bryggeri opna i 2007 og har vore kåra til «Årets bryggeripub» i Noreg tre år på rad.  Ægir ølet har fått gull-, sølv-, og bronsemedaljar i «VM» i 2015 og 2016, og tildelt merket «Spesialitet» for Heidrun Vikingmjød i mai 2016.

Ægir øl er i boks, og det er ikkje berre lukt og smak som scorar høgt. Ny design av boks og etikettar har også hausta medaljar i «VM».

Ægir legg vekt på alltid å kunne tilby mange ulike typar øl, ulike smakar, og med variasjon i høve til årstider og sesong.

Sjå oppdatert liste pr mai 2016:
Dag Sitrus Pale Ale (4%)
Bøyla Blonde Ale (4,7%)
Rallar Amber Ale (4,7%)
Sumbel Porter (4,7%)
Vetlebror Session IPA (4,7%)
Nagelfare Nut Brown Ale (4,7%)
Witbier (4,7%)
Sommar Red Lager (4,7%)
Vinterdvale Nordic Ale (4,7%)
Lærdøl Sour Cherry Rye (5,5%)
Anker Gose (5,5%)
Bryggve Blonde Ale (6%)
Ægir India Pale Ale (6,5%)
Lindisfarne Scotch Ale (7%)
Mørketid Winter Ale (7,5%)
Bæver Double White IPA (8%)
Ratatosk Double IPA (9%)
Natt Imperial Porter (10%)
Lynchburg Natt (10%)
Tors Hammer Barleywine (13,2%)

Heidrun Vikingmjød (13,2%)

Ægir ølet kan du kjøpe i både småbutikkar og supermarknadar, eks Spar, Coop, Kiwi, Rema 1000 og Joker, og sterkøl får du på Vinmonopolet.  Mange restaurantar og pubar har Ægir øl både på fat og i flaske eller boks.

Ægir Butikken i Ægir BryggeriPub sel øl opptil 4,7%, suvenirar, t-skjorter og caps. Opningstid på kvardagar til kl 20.00 og lørdag til kl 18.00. Butikken er stengt på søndagar og helgedagar.

Ta gjerne kontakt med Ægir Bryggeri direkte på e-post info@aegirbryggeri.no, eller på telefon +47 57 00 04 00, for meir informasjon om ølutvalet, kvar ølet er å få tak i, eller for tilbakemeldingar av ulike slag.

Fleire opplysningar om ølsortane finn du på Drikkeglede.no!