Ægir øl og mat

Øl og mat. Mat og øl. Øl til mat og mat til øl.

Ægir ølet er i verdsklasse.

Det skal vere
Ægir øl i og til maten
– det er vår filosofi!

Les meir

Ægir øl og mat

Konseptet – det skal vere øl i og til maten har vorte ein suksess.
Ægir BryggeriPub er gjennomsyra av vikinghistorie, og menyane likeeins. Vi nyttar lokale råvarer – dei som vart nytta i vikingtida, men smaksette for dagens gane. Her vil du få ei smaksoppleving frå 1017 til 2017.

Ægir øl er brukt i marinadar og sausar og humle, malt og urter får sette preg og ein ekstra spiss på maten.  Ægir bryggar øl som er smaksrikt, lyst og mørkt, og som passar til alt frå fisk og vilt til sjokolade.

Menyar

Vi har matservering i andre etasje i Ægir BryggeriPub,
– Ægir Viking meny à la carte i sommarsesongen og
– Ægir Vikingmeny middag à la carte heile året.  Sjå våre menyar her.

Våre spesialkomponerte 3- og 6-rettar øl og mat selskapsmenyar, tilbyr vi både i Ægir BryggeriPub og i Flåmstova Restaurant.  Sjå selskap her

Ølutval

Ølutvalet vårt famnar om mange ølsortar med ulik styrke, og utvalet varierer etter sesong.
Sjå utvalet her.

 

Bordbestilling.

Vi serverer mat i 2.etasje i Ægir BryggeriPub. Her er småbord som passar for ein, to og fleire, og langbord for opptil 12 personar.
Bordbestilling til middag i Ægir BryggeriPub for grupper på minimum 7 personar.

Gruppebestilling i Flåmstova Restaurant heile året. 
I sommarsesongen har vi den populære Ægir Vikingplanke og nokre andre rettar frå Ægir Vikingmeny på menyen i Ægir Smaksrom Peisestova og i Flåmstova Restaurant.

Bestill bord her eller ring  57 63 20 50.