Ægir gastropub

Ekte smakar. Ekte atmosfære.

Ægir Gastropub kombinerer lokale råvarer, moderne matkultur og vikinginspirerte rettar i stemningsfulle omgjevnader midt i Flåm. Her står gode smakar, handverk på kjøkkenet og ekte vertskap i sentrum.

Bak dei store tredørene ventar ei heilt eiga atmosfære inspirert av norrøn mytologi og tradisjonelt handverk, med den karakteristiske 9 meter høge peisen i sentrum. Frå signaturrettar som Ægir Vikingplanke til sesongbaserte menyar skapte av dedikerte kokkar, ligg alt til rette for ei matoppleving utanom det vanlege.

Ølet har vore ein del av opplevinga sidan starten, og i snart to tiår har Ægir Bryggeri brygga øl til restauranten i Flåm. Kombinasjonen av mat og øl er framleis ein viktig del av opplevinga og det som samlar folk rundt bordet.

  • Historia om Ægir

    Ægir er herskaren av havet og brygga det beste ølet, i følge Odin. Med Ægir som førebilete har vi utvikla vårt konsept.

  • Smakingar

    Lær om ølbryggekunsten og bruk sansane dine til å oppdag ei ny verd av lukt og smak!

  • Matfilosofi

    Vårt konsept er at det skal vere Ægir øl i og til maten, og det har vorte ein suksess langt utanfor landegrensene!